Besteland Der hite (Valle gnr. 71 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mars 2017 kl. 08:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Besteland Der hite (Valle gnr. 71 bnr. 2))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Der hite er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 71 bnr. 2) på Besteland i Hylestad, heilt sør i Valle. Der hite er eitt av dei tre opphavelege hovudbruka i garden. Desse bruka ligg litt opp i dalsida, og er på kart kalla Øvre Besteland. Ein kjem dit ved å følge Bestelandsvegen ca 800 meter oppover i terrenget frå Riksveg 9 nede på flata. I gards- og ættesoga for Hylestad, utgjeve 1985, skriv Alfred Ryningen at husa står tome. I dag (2017) er det tidlegare våningshuset i bruk som fritidsbustad. Ingebjørg Sigurdsdotter Helle er heimelshavar.

Kjelder

Kart

Laster kart ...