Hopp til innhald

Fjellgarden Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. april 2012 kl. 11:54 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)

Fjellgarden Hovden ligg på vegen til BreiveHovden. AS Sætersdalen eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt.

Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i Hovden Skisenter, er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.

Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei Anna O. Rysstad og Marton Laksesvela som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok Merethe Hjemdahl og Rolf Arne Haugen som styrarar.

Sjå også

Kjelde

Eksterne lenker