Austre Tveit
Austre Tveit er ein gard (gnr. 18) i grenda Tveit, mellom Kjetså og Bjørndalsvatnet i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Han er ein av to matrikkelgardar på Tveit. Den andre er Vestre Tveit (gnr. 19). Dei to gardane blei skilde frå kvarandre i 1668. Garden Tveit, som seinare blei Austre Tveit, var eigen gard lenge før 1668, men er truleg ikkje svært gamal. Kanskje blei han i si tid skild ut frå Kjetså.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 436-437