Mjåvatnet (Straume)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 12:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Mjåvatnet (Straume))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjåvatnet er eit vatn i Straumsheia, aust for garden Straume og rett vest for Straumsfjorden, i Valle. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².

Frå naturen si side har vatnet utlaup mot aust, til Straumsfjorden i Tovdalsvassdraget. Men kjøpmann Peder Lind starta opp med gruvedrift i Straumsheia på andre halvdel av 1600-talet. Han demde då opp Mjåvatnet med to stemmar, ein i aust mot Straumsfjorden og ein i vest mot Straume. Vasstanden blei heva med ca. 7 meter. Frå då av fekk vatnet hovudutlaup utfor lia ned mot Straume. Det gav Lind den vasskrafta han trong for å bygge ei smeltehytte på Straume.[1]

I dag går det skogsbilveg frå Straume gjennom Straumsgjuvet til Mjåvatnet.

Kjelder og eksterne lenker

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 44-45

Kart