Likferdsodden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. oktober 2016 kl. 10:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sjå også - lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Likferdsodden stikk ut i Byglandsfjorden rett sør for Rakkeneset, mellom Grendi og Longerak i Bygland.

Fornminne

På odden ligg det ei gravrøys, ei såkalla åsrøys. Ho har tverrmål ca. 7 meter og høgde ca. 75 cm. Røysa er lett å sjå frå vatnet, og det er vid utsikt frå røysa utover fjorden. Rundt røysa ligg det fleire mindre steinpakningar, som kan vere sjølvstendige graver. Røysa er ikkje nærare undersøkt, og alderen er ikkje sikkert fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden er ei anna gravrøys av denne typen sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart ...