Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2016 kl. 10:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Frøysnes)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frøysnes er ei lita grend på vestsida av Åraksfjorden, mellom Skomedal i sør og Ose i nord, i Bygland kommune. Grenda er delt i to matrikkelgardar, Nordre Frøysnes og Søndre Frøysnes. Riksveg 9 går gjennom grenda og følger fjorden i ei lengde av ca. 3,5 km.

Lensmann, ordførar, stortingsmann og statsråd Lars Liestøl (1839-1912) var fødd i Åseral, men budde i Nordigard på Frøysnes mykje av livet. Ein annen kjend mann frå Frøysnes er Øystein Frøysnes, som stod bak den vidgjetne «Ungkarsfestivalen» på Ose 7. september 1996.

Historie

Den opphavelege Frøysnes-garden har truleg gått ut frå Ose. Endå lenger tilbake har kanskje Moi, Ose, Tveit og Frøysnes vore ein stor gard. Frøysnes låg øyde fram mot år 1600. På denne tida var garden alt delt i to gardar, Nedre (seinare Nordre) Frøysnes og Øvre (seinare Søndre) Frøysnes. Når denne delinga har skjedd veit ein ikkje.

Kjelder