Øystein Frøysnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Øystein FrøysnesSymbol unrelated.svg
Født: 1962 (alder 56–57)

Øystein Frøysnes (fødd 1962) er bonde på Frøysnes i Bygland. Han eig dei to bruka Høgtun («Vesle» Nedgarden) (bnr. 3) og Nedgarden (bnr. 5), og brukar (leiger) jorda i Nordigard (bnr. 1 og 2). Han er gift med Anne Turid Bjørnestad Frøysnes. Foreldra er Torgun Elida Frøysnes (f. Olsen, 1940) og Torkjell Arnfinn Frøysnes (f. 1938).

Øystein er oppvaksen på Skarnes og i Søgne. Hausten 1983 flytta han frå Søgne til Frøysnes og tok til å drive dei to gardsbruka faren eigde. Samstundes fekk han leige jorda i Nordigard, den gamle lensmannsgarden til statsråd Lars Liestøl. Han dreiv i tre år med oppdrett av struts. Seinare heldt han fram med storfe og sau. Rundt 2002 var det slutt med storfedrifta. Seinare har det bare vore sau på garden.

Øystein var hovudmannen bak den vidgjetne Ungkarsfestivalen på Ose i 1996.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]