Bratt Friluftsliv
Bratt Friluftsliv er eit selskap i Valle som satsar på å utvikle opplevingar i tilknytning til fjell og hei i Setesdal. Selskapet vart etablert i 2016 og presenterte seg i gründertimen på Setesdalskonferansen 2016. Dagleg leiar er Arne Bakke, i styret var Erik Berglihn leiar ved starten, men så overtok Frode Kirkedam. Erik Arntzen er styremedlem.
Ved nyopninga av Prestefossen hengebru hadde selskapet rigga til zipline der ein kunne fly over fossen. Sommaren 2016 gjekk Bjarte Vestøl i gang med å lage ein Via Ferrata Nomelandsfjellet i Nomelandsfjellet. Ein 1000 meter lang stålwire blei montert i fjellet for å gje uerfarne folk sikring ved klatring i den blankskurte fjellveggen.
Kjelder
- Johs. Bjørkeli: -Dette er et klatremiljø i verdensklasse. Artikkel i Fædrelandsvennen onsdag 3. august 2016 side 7