Erik Berglihn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik BerglihnSymbol unrelated.svg
Erik Berglihn.jpg
Født: 3. september 1966 (58 år)

Erik Berglihn (fødd 3. september 1966) driv Brokkestøylen Glasskafé & Glamping i Brokke i Valle saman med kona Gro Furset.[1]

Erik var næringsutviklar i Setesdal Regionråd frå oktober 2013.[2] Han har mastergrad frå UiA i 2012, og har ein mangslungen aktivitet bak seg. Han studerte markedsføring og kommunikasjon på Bedriftsøkonomisk Institutt frå 1990 til 1993 og sosialpsykologi på UiA frå 1996 til 1998. Frå 2001 til 2008 dreiv han Arnebergs Gjæstgiveri på Dvergsøya i Kristiansand saman med kona Gro Furset. Dei redda Vogts villa, teikna av Arnstein Arneberg, frå forfall og restaurerte den.[3] Men då kronprinsparet ville ha ein feriestad i Kristiansand, måtte dei avvikle prosjektet. Den siste delen av denne perioden dreiv han også zpa sport, eit firma innan kitesurfing. Frå 2008 til 2010 arbeidde han i Bangkok med marknadsføring og salg av surfebrettet Star board. Frå januar 2010 var han avdelingsleiar for Aleris ungplan & BOI AS fram til sommaren 2013.[4]

Referansar