Åneland skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. august 2016 kl. 23:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åneland skule var den første faste skulen i Evje. Skulen starta opp på Åneland i oktober 1849 og var i drift fram til 1959.

Gardane som høyrde til skulen var Åneland, Haugen, Landsverk, Odde, Evje prestegard, Åsland, Tveit, Flåt og Undeland. Bøndene på Tveit og Flåt søkte eit par år seinare om å få åtte vekers omgangsskule i Flatebygd, då det synte seg mest umogeleg å få barna fram til skulen på Åneland i den hardaste vintertida.

Historie

Ein reknar med at skulen i Evje kom i gang i første halvdelen av 1740-åra. Evje var frå først av delt i to «skuledistrikt», «øvre» og «ytre». Det var to lærarar som hadde kvar sitt distrikt. Undervisninga var i vinterhalvåret. Lærarane for frå gard til gard og heldt omgangsskule.

Bøndene i Evje var visstnok ikkje særleg ivrige etter å gå over til fast skule. Men etter å ha drøfta saka i skulekommisjonen i ei årrekke, utan at noko skjedde, kom kommisjonen i 1845 fram til at ein fast skule burde leggjast til Åneland. Det drygde endå ei stund før vedtaket kunne setjast i verk. Men hausten 1849 kom skulen altså i gang. Den første tida var han i leigde lokale. Seinare (1862) kjøpte kommunen halvparten av eigedomen til læraren ved den faste skulen, Klemmet Syrtveit, og våningshuset på eigedomen blei frå då av brukt som lokale for den faste skulen.

I 1959 var det slutt med skule på Åneland. Det nye sentralskulebygget i Evje stod klart i 1957, og dei fleste mindre skulestovene rundt om i kommunen blei lagde ned.

Kjelder