Straume kraftverk
Straume kraftverk er eit planlagt småkraftverk i Kvernåni på Straume i Hylestad i Valle kommune. Som eit ledd i utbygginga skal Svartetjørn (651 moh.) oppe på heia aust for Straume regulerast med ein meter, og vere inntaksmagasin for kraftverket. Frå Svartetjørn vil det vere ei ca 2 500 meter lang nedgrave røyrgate ned til kraftstasjonen på 254 moh. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,0 MW, og vil produsere om lag 11,7 GWh. Det er nok til å dekke det årlege forbruket til ca 580 husstandar. Tenkt byggestart er hausten 2016. Utbygginga er kostnadsrekna til vel 30 millionar kroner. Fem lokale grunneigarar er saman om prosjektet. Styreleiar og dagleg leiar i utbyggingsselskapet er Stein Føreland Straume.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Satsar vel 30 mill. kr. på Straume kraftverk, artikkel i Setesdølen nr. 11, 2016, side 5
- Om Straume kraftverk på nettsida til NVE