Solberg, Austre

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. desember 2015 kl. 09:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Aslak Fjermedal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Setehusa på Austre Solberg er fint haldne i stand.

Solberg, Austre er ein gard (gnr. 40) på heia nord-vest i Iveland. Ein kjem fram til husa på garden ved å følge Solbergveien ca fire kilometer frå Fylkesveg 403 vest for kommunesenteret Birketveit. Det er ikkje fast busetnad på garden i dag.

Historie

Garden høyrde truleg opphaveleg til Grosås-garden. Grosås er ein av landnåmsgardane i Iveland, og kom mest sannsynleg til i folkevandringstida. Austre Solberg vart truleg skild ut frå Grosås på 1100- eller 1200-talet, og ihvertfall etter nabogarden Solberg, Vestre.

Solberg-gardane var lenge veglause. Det kom ikkje køyreveg for bil fram hit før hausten 1965.

Kjelder

Kart

Laster kart ...