Solberg, Austre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Foto: Geir Daasvatn
Solberg, Austre er ein gard (gnr. 40) på heia nord-vest i Iveland. Ein kjem fram til husa på garden ved å følge Solbergveien ca fire kilometer frå Fylkesveg 403 vest for kommunesenteret Birketveit. Det er ikkje fast busetnad på garden i dag.
Historie
Garden høyrde truleg opphaveleg til Grosås-garden. Grosås er ein av landnåmsgardane i Iveland, og kom mest sannsynleg til i folkevandringstida. Austre Solberg vart truleg skild ut frå Grosås på 1100- eller 1200-talet, og ihvertfall etter nabogarden Solberg, Vestre.
Solberg-gardane var lenge veglause. Det kom ikkje køyreveg for bil fram hit før hausten 1965.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 155
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, side 646-654
- Knut Gunnar Solberg, Færdaminne frå ein veglaus gard, stykke i Jol i Setesdal 2014, side 22-23