Solberg, Vestre
Vestre Solberg med Austre Solberg i bakgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn
Solberg, Vestre er ein gard (gnr. 39) på heia nord-vest i Iveland. Ein kjem fram til husa på garden ved å følge Solbergveien ca fire kilometer frå Fylkesveg 403 vest for kommunesenteret Birketveit. Husa på nabogarden Solberg, Austre ligg bare nokre få hundre meter unna.
Historie[rediger]
Garden høyrde truleg opphaveleg til Grosås-garden. Grosås er ein av landnåmsgardane i Iveland, og kom mest sannsynleg til i folkevandringstida. Vestre Solberg vart truleg skild ut frå Grosås rundt år 1100 eller kanskje noko før.
Solberg-gardane var lenge veglause. Det kom ikkje køyreveg for bil fram hit før hausten 1965.
Kjelder[rediger]
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 155
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 632-641
- Knut Gunnar Solberg, Færdaminne frå ein veglaus gard, stykke i Jol i Setesdal 2014, side 22-23
Kart[rediger]
Laster kart...