Bygland sogenemnd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. desember 2015 kl. 14:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Medlemmer frå 2011: lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygland sogenemnd er ei nemnd som Bygland kommunestyre oppnemner.

Medlemmer frå 1935

6. juli 1935 vart det gjort eit vedtak om «å samle tilfang til ei herads-kommunal soge og likeeins til å samle fotografi av ordførarane i Bygland i dei gjengne 100 år» i Bygland heradsstyre. Dei valde medlemmane var:

  • Mikkjel Skjevrak
  • Eivind Ose
  • Aasulv Lande

Seinare slutta sokneprest Reidar Bolling og lærar Gunnar Lande seg til desse. I 1938 blei Torleiv Bø, Mikkjel Skjevrak og Aasulv Lande tilsett i redaksjonsnemnda for Byglands soge.

Medlemmer frå 1946

Under eit møte i heradstyret 6. april 1946 kom ideen til å gje ut eit tillegg til Byglands soge (1939), og bygdesogenemnda hadde sitt fyrste møte i Heradshuset på Bygland 19. mai 1946:

Seinare ba Aasulv Lande seg friteken og i hans stad kom lærar Mikkjel Attestog inn i nemnda. Han blei vald til kasserar.

Då planane blei utvida til at dei skulle utgje ei omarbeidd og utvida bygdesoge fekk nemnda fleire medlemmer:

  • forretningsførar Aslak Lidi
  • Jon Løyland
  • Knut Vatsend
  • lærar Torleiv Bø
  • høgskulestyrar Gunnar Aa. Lande, Søgne

Arbeidet blei til Gards- og ættesoge for Bygland (1952)

Medlemmer frå 1969

Då det vart bestemd at Byglands soge skulle prentas på ny valde kommunen ei bygdesogenemnd for å følga prosessen. Dei beslutta at den ikkje skulle utvidas, men prentas som den var i 1939, og det skulle arbeidas vidare med ei ny soge for Bygland. Dei valde medlemmane var:

  • Knut P. Sandnes (formann)
  • Hallvard Lidi
  • Torleiv Bø
  • Kristian Stubseid
  • Knut Åland
  • Gunnar J. Bakke
  • Mikkjel O. Attestog

Medlemmer frå 2011

For å videreføra Reidar Vollen sitt arbeid med Bygland gard og ætt vart desse oppnemnde som

Medlemmer
Varamedlemmer

Medlemmer fra 2015

Medlemmer
Varamedlem
  • Gunnar E. Lande

Kjelder