Haugland (Evje og Hornnes gnr. 28)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. oktober 2015 kl. 08:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Haugland (Evje og Hornnes gnr. 28)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugland (gnr. 28) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord-aust byter garden mot Tønnesland, i sør-aust mot Sutestad og i vest mot Espetveit. Gardsnamnet er typisk for folkevandringstida, rundt år 500 e.Kr.[1]

Saman med gardane Sutestad og Tønnesland lager Haugland ein rein «firkantgard». Kanskje er grunnen at dei har vore ei eining etter øydetida etter Svartedauden.[2] Etter «leidangslistene» for 1601 låg Haugland då øyde, men betalte både leidang og kongstidene. Det tyder på at garden på den tid vart bruka frå Tønnesland.[3]

Kjelder

Referansar

<references>

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30
  2. Gardsnamn i Hornnes, side 30
  3. Gardsnamn i Hornnes, side 30