Hallandsfossen

Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331.
Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av Setesdal. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest Magnus Falkenberg og etterfølgaren Peter Blom for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.
Kjelder
- Reidar Tveitos bok om bruer i Setesdal, juli 2014, side 172-174
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kultursoge VII, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 440-442