Hopp til innhald

Nordåni (Skreland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. desember 2014 kl. 18:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Tilf. oppl. om Nordåni småkraftverk)

Nordåni (Skreland) er ei elv i området rundt Skreland og Jordalsbø i Bygland kommune. Elva renn ut av Asbjørnstøylvatn på heia nord-aust for Skreland, sørover lia aust for Skreland og vidare nedover i terrenget på vestsida av busetnaden i Jordalsbø, før ho renn ut i den større Søråni om lag 1,5 km aust for Bygland sentrum. Dei to elvene renn saman det siste stykket ned til Byglandsfjorden, og kallast då Kvålsåna.

Fallet i Nordåni nyttast til kraftproduksjon i Nordåni småkraftverk på Jordalsbø. Kraftverket har ikkje eige magasin, men nyttar vatnet i elva.