Vesla Nomeland
Targjerd (Vesla) Nomeland (fødd 1944), er lærar, og kjem opphaveleg frå Valle. Ho har språkleg-historisk embetseksamen. Vesla var elev ved Hornnes landsgymnas dei første åra på 1960-talet, og var lektor ved gymnaset 1976-1986. Frå 1986 var ho lektor ved Bamble vidaregåande skule.
Vesla Nomeland har skrive eit mykje fint stykke om opplevingane sine ved Hornnes landsgymnas i Jol i Setesdal (1964).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 506