Dåsåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. november 2014 kl. 09:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet litt i tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dåsåna der ho renn ut i Otra

Dåsåna er ei sideelv til Otra. Ho renn ut frå vest i Otra ved Dåsnes i Evje og Hornnes kommune. Elva kjem frå Dåsvatn i Dåsvannsdalen. Ved Samkom mellom Uleberg og Støylen sluttar sideelva Skjerka seg til Dåsåna.

I følge Oddmund Mogstad har elvenamnet langt tilbake i tid truleg hatt forma Dåsa. Mange elver som ligg nær kvarandre har parallelle namn. Eit døme frå Åseral er Logn (den rolege) og Mån (den ville). Skjerka, som fell ned i Dåsåna, er eit vanleg elvenamn på Agder. Det har kanskje med den "skrattande" eller "urolege" elva å gjere (skark = ståk, uro). Dåsåna er då den "rolege". Mogstad spør seg difor om namnet (Dåsa) kan ha samanheng med det franske ordet douse.

I perioden 2011 til 2015 er det løyvt 1,5 mill årleg i statlege midlar til kalking av Dåsåna, og det må investerast for 3,5 mill til kalkingsanlegg i elva. Dåsåna var den einaste elva i Aust-Agder som fekk statlege kalkingsmidlar for denne perioden.

Kart

Laster kart ...

Kjelder

Eksterne lenker

Bilete av Dåsåna på Flickr