Hopp til innhald

Notto Dåsnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. november 2014 kl. 00:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Notto Dåsnes)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Notto T. Dåsnes, fødd 5. oktober 1890Moseid i Hornnes, var murar, golvslipar, bonde og lokalpolitikar.

Notto Dåsnes var nr. 6 i ein syskjenflokk på 12, og måtte tidleg lære å stå på eigne bein. Som 16-åring starta han som skiftarbeidar i smeltehytta ved Evje nikkelverk. Sidan var han anleggsarbeidar. I 1920 slo han inn på det som skulle bli hovudyrket, sementarbeid. Skulehuset i Voilestø vart eit av dei første muraroppdraga hans. Nokre år seinare drog han til Amerika, og arbeidde som golvslipar i ni år fram til 1932. Då han kom attende til Noreg, dreiv han gardsbruk og kombinerte dette med murararbeid.

Dåsnes kom tidleg med i arbeidarrørsla og lokalpolitikken. I 1922 blei han vald inn i Hornnes kommunestyre. Han var kommunestyrerepresentant i 28 år. Ein stor del av tida var han med i formannskapet, og i nokre år var han òg varaordførar. I likningsnemda sat han i 25 år.

Dåsnes var formann i byggenemda for Hornnesheimen, og i fleire år var han formann i styret for Hornnes Samyrkjelag.

Heider

Kjelde

  • Torbjørn Hansen, Kjekk 80-åring i Hornnes, omtale av Notto Dåsnes i Fædrelandsvennen, oktober 1970
  • [[Torbjørn Hansen, Kongens Fortenstmedalje til Notto Dåsnes i Hornnes, artikkel i Fædrelandsvennen, oktober 1970