Jortveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. november 2014 kl. 22:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til kategori og bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jortveit i desember 2012. Foto: Geir Daasvatn

Jortveit (gnr. 7) er ein gard nederst i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Nabogard nordover i Dåsvannsdalen er Kallhovd. Sørover gjekk Jortveit ned til Dåsnes, der Dåsåna renn ut i Otra. Men mykje av areala i Dåsnes og Dåsnesmoen er seinare skild ut frå garden. Ein reknar med at Jortveit i si tid har vorte skild ut frå garden Fennefoss, eller Kallhovd.

Det er funne mange gravhaugar i Jortveit-garden.

Det gamle Hornnes hjelpefengsel vart bygd på grunn som tilhøyrde Jortveit-garden. Hornnes landsgymnas blei og bygd på Jortveit-grunn. Det same gjeld Hornnes barneskule.

Kjelde