Evje (Prestegarden)
Evje prestegard er ein gard i Evje og Hornnes kommune. Bjørnefjellbekken renn forbi garden, og lagar ei evje før han renn ut i Otra frå aust. Denne evja gav først namn til garden. Så vart kyrkja bygd på Evje (garden). Garden kom med det til å gje namn først til soknet, etter reformasjonen til prestegjeldet, og seinare til Evje kommune.
Kjelde
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, s. 35