Årdal sokn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2014 kl. 14:37 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Årdal sokn er det eine av Den norske kyrkja sine to sokn i Bygland kyrkjelege fellesråd. Årdal kyrkje frå 1828 er soknet si kyrkje. Det femner den sørlegaste delen av Bygland kommune og omfattar mellom anna grendene Byglandsfjord, Grendi og Longerak, medan det ofte kjem folk sørfrå, frå Senum for å taka del i gudstenester m.v..

Historia

Årdal var tidlegare annekssokn i Bygland prestegjeld, og den fyrste skriftlege kjelda som nemner det er ein kyrkjeleg rekneskap frå 1327. Namnet vert då skrive som Hardal.

Aktivitet

I området er omlag 500 personar busett. Ved sidan av reine kyrkjelege aktiviteter nyttast ho og til konsertar.

1992

Dette året var det 21 gudstenester med eit snitt på 65 deltakarar, ni døypte, 20 konfirmantar, ein vigsel og sju gravferder. I tillegg var det to møteseriar i kyrkja.

2012

Dette året vart fem born døypte, fem konfirmantar og fire gravferder. Gudstenestene hadde eit snitt på 42 frammøtte.

2013

22 gudstenester hadde totalt 816 deltakarar, og av desse vert 17 forretta på sun- og heilegdagar med eit snitt på 38 deltakarar. Det vart forretta nattverd på ti av gudstenestene. Av andre kyrkjelege handlingar vert tri born døypt, 11 ungdomar konfirmerte og sju gravferder.

Soknerådet

Leiar er i 2014 Gunnar Gautland.

Soknerådet 2011–2015

Ved soknerådsvalet 2011 vart desse valde inn i soknerådet:

Varamedlemmer

Soknerådet 2009–2011

Ved soknerådsvalet 2009 vart desse valde inn i soknerådet:

Varamedlemmer

Soknerådet skal i denne omgangen fungere i to år. Frammøteprosenten var 27,4%, som er noko mindre enn forrige gong, då soknerådsvalet vart halde samstundes som kommunevalet.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker