Homsåne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. desember 2025 kl. 06:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Homsåne 7. september 2018.

Homsåne (Kvinnåne) er ei elv i Homme i Valle. Ho kjem frå Stavvatnet høgt oppe på heia aust for busetnaden og renn ut i Otra frå aust. Elva er bygd ut med Hommsåne kraftverk. Det kommunale vassverket har inntak eit stykke oppe i lia.

«Industrieventyr»

Elva hadde 16 kvernhus, 3 sagbruk og vadmålstampar oppetter elva. Ho var «årmylt», som betydde at der kunne ein male korn heile året. Innretningane vart drivne av gardsbruk i Homme og Tveitebø. Nokre sette også opp aggregat i kvernhusa og skaffa seg elektrisk straum lenge før Valle fekk straum i 1947.

Kjelder

Kart

Laster kart ...