Ulvetuva
Utsjånad

Foto: Reidar Tveito
Ulvetuva er ein sang av Trym Bjønnes, som har laga både tekst og melodi. Med sangen deltok gruppa Fjellfolk i Melodi Grand Prix 2013. Sangen tek utgangspunkt i sagnet som er knytt til Ulvetuva i Bykle. I korte trekk fortel sagnet om ei gravid kvinne som måtte få barnet langt inne på fjellet. Paret var på veg frå Suldal til Bykle og mannen hennar drog etter hjelp. Medan han var borte vart kvinna tatt av ulvar på staden som sidan fekk namnet Ulvetuva.
Teksten til sangen
- Det var ein gong i gamal tid, to unge over høgfjell fór
- Dei freista inn i framtid sjå, for jenta gjekk og venta små
- Men sist på heimveg gjekk det troll i ord
- Å hent du hjelp, no kallar moder jord
- Far no svint som ein vind
- Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
- Når stormane rasar så ventar eg på
- At du igjen skal kvile i min famn
- Ho låg åleine langt a'lei, gav liv til små på ville hei
- Han jaga ned dei bratte skar og kom ved midnatt fram til gard
- Men mor og barn fekk aldri ny dag sjå
- for ut av myrkret steig det ulvar grå
- Far no svint som ein vind
- Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
- Når stormane rasar så ventar eg på
- At du igjen skal kvile få
- Far no svint som ein vind
- Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
- Når stormane rasar så ventar eg på
- At du igjen skal kvile i min famn
- At du igjen skal kvile i min famn
Kjelde
- Ole Birger Lien: Fjellfolk syng om gamal Bykle-segn i Melodi Grand Prix. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2013 side 3
Eksterne lenker
- Dette er Ulvetuva som Fjellfolk synger om Artikkel av Ingmar Brokka Rike i Agderposten 27. januar 2013