Farmo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. august 2018 kl. 07:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Farmo 1. oktober 2012.

Farmo er eit lite småbruk på om lag 10 daa i Hornnes, frådelt frå garden Faret i 1934. Husa på eigedomen, våningshus og ein låvebygning, er sett opp i 1935. Første eigar var Tomas Daasvatn, fødd 1896. Han var gift med Berte Daasvatn (fødd 1900 på Flystveit i Åseral). Tomas var målar i Hornnes og Evje i ei årrekkje. Han døydde i 1977.

Etter Tomas J. Daasvatn overtok sonen Arne Daasvatn eigedomen. Arne var distriktstannlækjar i Evje og Hornnes frå 1975 til 1997. Arne døydde i 1999. Sonen Geir Daasvatn overtok då eigedomen. I 2013 selde Geir eigedomen til Vegard Nicolaysen, som er son til Geir sin sambuar Rita Flottorp. Vegard bur no på det lille småbruket, saman med kona Mirjam Nicolaysen og dei to sønene deira Anders og Tobias.

Kjelder

  • Elektronisk grunnbok hos Kartverket