Breistøl & Falkgjerdet Maskiner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Breistøl & Falkgjerdet Maskin (B & F Maskin) er eit entreprenørselskap (AS) i Evje og Hornnes. Forretningsadressa er på Kjetså i Hornnes, men firmaet har også eit verkstadbygg på Verksmoen på Evje. Dagleg leiar er Arnold Falkgjerdet. Styreleiar er Osmund Breistøl. Dei to eig også selskapet, med 50 % av aksjane kvar. Selskapet sysselset rundt seks årsverk. Omsetninga i 2016 var ca. ni millionar kroner. Firmaet blei skipa i 2007.
B & F Maskin eig 50 % av aksjane i Hornåsen Eiendom, som står bak utbygginga av trinn III i Hornåsen bustadfelt i Hornnes.
Kjelder
- Proff.no
- Ole Birger Lien, Hornåsen 2 får 16 tomter, artikkel i Setesdølen nr. 39, 2017, side 11