Storetjønn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2015 kl. 17:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om drenering til Otra)
Hopp til navigering Hopp til søk
Storetjønn ei stille morgunstund i september.

Storetjønn er eit lite vatn (525 moh.) i naturskjønne omgjevnader langs Nordbygdevegen rett aust for Botsvatn i Bykle. I austre enden av vatnet er det stelt i stand ein fin rasteplass. Her, ved inngongen til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, er det også sett opp informasjonstavler som fortel litt om kva slags aktivitetar som er tilletne i verneområdet og området sin historie.

Ut av Storetjønn og det korte stykket ned til Lisletjønn i vest renn Storetjønnbekken. Frå Lisletjønn renn vatnet vidare til Floslivatnet, som igjen drenerer til Otra-vassdraget.

Kart

Laster kart ...