Storetjønn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Storetjønn er eit lite vatn (525 moh.) i naturskjønne omgjevnader langs Nordbygdevegen rett aust for Botsvatn i Bykle. I austre enden av vatnet er det stelt i stand ein fin rasteplass. Her, ved inngongen til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, er det også sett opp informasjonstavler som fortel litt om kva slags aktivitetar som er tilletne i verneområdet og området sin historie.
Ut av Storetjønn og det korte stykket ned til Lisletjønn i vest renn Storetjønnbekken. Frå Lisletjønn renn vatnet vidare til Floslivatnet, som igjen drenerer til Otra-vassdraget.