Hopp til innhald

Gruvearbeidarvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. juli 2018 kl. 22:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gruvearbeidarvegen (Evje))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gruvearbeidarvegen er den vegen arbeidarane ved Flåt nikkelgruve brukte å gå for å kome frå bustadane sine i Ånelandsbygda (Åneland og Haugen) til arbeidsplassane sine ved gruva. Det er Evje og Hornnes kommune som har gjeve vegen namnet i nyare tid. Vegen er merka som turløype.

Nærare om veglina

Frå Åneland/Haugen gjekk vegen først opp ei bratt kleiv. Ved startpunktet står det i dag eit skilt merka «Almannavegen». I kleiva kan ein fleire stadar sjå korleis vegen var mura opp. På toppen av kleiva kom ein til Hommemyr. Vegen gjekk over myra i kanten, og svinga så nordover forbi Haugefellet på vestsida og fram til Landsverkplassen. Herfrå følgde han vegen frå Landsverk til gruva.

Kjelder