Haugefjellet feltspatgruve
Haugefjellet feltspatgruve er ei nedlagt gruve på garden Haugen i Evje sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest-for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området. Haugefjellet kom i drift før år 1900, og kan vere den eldste feltspatgruva i Evje.
Kjelder
- Ole Fridtjof Frigstad, 100 år med feltspatdrift og mineraljakt, kapittel i Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdesogenemd, 2003, side 25