Dansarberga
Dansarberga er eit fjell eller ein ås i Evje, mellom gardane Odde i nord og Åsland og Lund i sør. I aust ligg Landsverk og Mykleåsen. Toppen av Dansarberga ligg på 418 m.o.h. I Dansarberga var det frå gamalt av ein samlingsplass eller danseplass for ungdomen - Dansarberg. Det er ei flate på fjellet på storleik med eit svært dansegolv. På den eine sida er det ein stein, passande å sitte på - spelemannssteinen.
«Det kan hende», har Nils Odde d.e. skrive, «når ein sit på denne spelemannssteinen ein sein jonsokkveld, når gauken og måltrosten hev slutta sitt spel, og dimma gjeng over i sumarnottmyrkre, at ein vert førd attende til den tid, då dansen gjekk her på Dansarberg».
Det går merka turløype til Dansarberga. Starten er ved Oddeskogen barnehage. Løypa går i skogsterreng, og har nokre bratte parti undervegs. Løypa går forbi gamle feltspatgruver og Evje Mineralsti. Undervegs er det mange fine utsiktspunkt. Tur/retur har løypa ei total lengde om lag 6,5 kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2-4 timar.
Kjelder
- Nils Odde d.e., Dansarberg, artikkel i Arnstein 2000, side 7