Gullsmedmoen
Gullsmedmoen er ein stad, opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Evje og Hornnes kommune, på vestsida av Otra, rett vest for Byglandsfjord over Senumsund bru. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla «Monen» eller «Senumsmonen». På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 vart Senumsmoen heitande Gullsmedmoen.
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 16-21