Via Ferrata Nomelandsfjellet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. juli 2017 kl. 09:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk

Via Ferrata Nomelandsfjellet er ei klatreløype i Nomelandsfjellet, på vestsida av Otra, vest for Valle sentrum. Løypa blei laga sommaren 2016 av Bjarte Vestøl med fleire. Ein 1 000 meter lang stålwire blei montert i fjellet for å gje uerfarne folk sikring ved klatring i den blankskurte fjellveggen. Utbyggingskostnaden var rundt 700 000 kroner. Utbyggar og eigar av av løypa er selskapet Bratt Friluftsliv.

22. juli 2017 gjekk det eit stort steinras i Nomelandsfjellet. Raset passerte Via Ferrataen. Men ingen menneske var i løypa då raset kom, og ingen blei råka.

Kjelder