Osefita
Foto: Geir Daasvatn
Osefita er ei svær slette ved vestbreidda av Otra under Reiårsfossen på Ose i Bygland.
Opphaveleg var Osefita om lag 1500 dekar stor, ca. 1,5 km lang og 1 km brei. Ho strekte seg frå Støylehommen i sør i retning nord-nordaust mot Skorsfjell på andre sida av elva, med eit sund som bare var 120-130 meter breitt. Frå dette neset gjekk sletta vestover til utlaupet av Reiårsåna under Reiårsfossen. Her var det mange hundre mål slåtte- og beitemark for Ose-bøndene. Men ein stor del av sletta kom under vatn ved reguleringa av Byglandsfjorden på byringa av 1900-talet.
I dag ligg Reiårsfossen Camp på Osefita. Det var her den aller første Ose Countryfestival blei arrangert i 1983. I ein periode, 1988-1994, var det også ei flystripe her.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 432, 452 og 462