Haugen (Evje og Hornnes gnr. 53)
Haugen er ein gard (gnr. 53) ca fire kilometer aust for Evje i Evje og Hornnes kommune. Det går veg inn til garden nordover frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) i dei lange bakkane aust for Galteland. Nabogardar til Haugen er mellom anna Åneland i sør-vest og Undeland i aust.