Blikelaget

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2015 kl. 20:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av sundet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stemlona i Dåsåna med det smale sundet Blikelaget i bakgrunnen. Endå lenger bak skimtar ein Dåsvatn og den nordlegaste delen av Dåsvannsdalen.

Blikelaget er eit smalt sund mellom Dåsvatn og Stemlona i Dåsåna nord i Dåsvannsdalen i Evje og Hornnes. I Dåsåna og Skjerka, som renn i saman ved Samkom, var det i eldre tider godt fiske. Bleka heldt seg i Dåsvatnet, og seint på hausten kom ho sigande utover (sørover) og gåtta (gytte) i Engevaet nedforbi Blikehylen. Då var det godt å fange bleka i Blikelaget, med not, stegle eller fiskestang.

Kjelder

Kart