Hopp til innhald

Sydalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2015 kl. 09:52 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Bilete)
Fil:Sydalen Dåsvandsdalen 121012 (11).JPG
Sydalen sett nordover frå Skotet, der Yksenåna kjem ned i dalen frå Yksenskor. Foto: Geir Daasvatn
Sydalen og Lindeknollen. Dalen er trong, og er døme på vill natur i Hornnes.

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for Dåsvatn. Gjennom Sydalen renn elva Sya. Frå Yksenskor på austsida av Sydalen renn Yksenåna ned i Sydalen i ein høg foss, og sluttar seg til Sya.

Garden Yksenskor ligg mellom fjella på austsida av Sydalen. Det kom kjøreveg fram til garden, frå Håvestøl i Åseral, først rundt 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet).

Eksterne lenker

Om Sydalen og Yksenskor på Moisund.com