Honorarfond for folkemusikk
Honorarfond for folkemusikk vart oppretta i 2008 på initiativ frå Valle Sparebank, slik at folkemusikarane lokalt kunne få eit honorar for musikken sin. Så vart rådmannen i Valle invitert med, og ein vart samde om å opprette fondet.
Ordning
Foreningar, bedrifter og private personar innanfor Valle kommune kan søke tilskot for å underhaldning av folkemusikarar på konferansar, møte, festar, bryllup, runde dagar eller andre arrangement. Fondet vert administrert av Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Torleiv K. Løyland frå Setesdal Spelemannslag. Valle, Bygland og Bykle er med i ordninga. For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500. For tilskipingar med andre utøvarar må arrangøren dekke ein eigendel på 1/3 av totalt honorar, medan fondet dekker resten, avgrensa til 15000 kr.
Utøvarane som fell inn under ordninga er: Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke, Fjellfolk, Tor Hoslemo, Birgit Anette Helle og Tor Espen Helle, Kjetil Carolis Jore, Knut Kjetilson Jore, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Anne Karin Kaasa, Jamie Lodberg, Kim André Rysstad, Knut Arne Rysstad, Torbjørg Rysstad og Marie Haugå, Daniel Sandén-Warg, Bjørgulv Straume, Gunnar Stubseid.
Kjelde
- Informasjon frå Torleiv K. Løyland i Valle Radio 7. desember 2011