Setesdalswiki:Konkurranse april 2015
Setesdalswiki:Konkurranse april 2015 er ei side for å arrangere ein konkurranse i april. Konkurransen går på Facebooksida til Setesdalswiki. Spørsmåla blir lagt ut her og der kvar dag i april. Den første som svarar rett, blir notert opp her, og når april er over, blir det trekning mellom vinnarane og utdeling av premie. Svara kan ein finne på Setesdalswiki. Spørsmåla gjeld både Setesdal og setesdølar.
1. april 2015
Vi skal til ein stad med lange tradisjonar som har fornya seg på mange måtar og i dag har eigne produkt basert på lokale råvarer å selje. Eigaren er fødd i mars og hadde rundt tal i år.
- Vinnar vart Tor Brokke, som svarte Systog Dale 21 minutt etter at spørsmålet var lagt ut.
2. april 2015
På denne flotte skjærtorsdagen med sol frå klar himmel over heile Agder, skal vi til den høgaste fjelltoppen i Bygland på austsida av Otra.
- Vinnar vart Toril Dale, som svarte Torlidalsfjell og hadde lenke til Bygland austhei, der ho fann informasjonen.
3. april 2015
I påska har han som så mange andre gjort byklar av seg, men han er kjent i heile Setesdal. Han har budd to år på Evje, lenger i Nord-Norge, og enda lenger i utlandet.
- Toril Dale vann i dag og. Rett svar var Gunnar Ellingsen, prosten i Otredal prosti.
4. april 2015
Spørsmålet i dag er kva vegen heiter som går frå Bjørndalsvatnet til Nedre Øyvatn.
- Matkronvegen var rett svar, og det hadde Pål Dale funne.
5. april 2015
Denne brua er kanskje den flottaste brua på Turistforeninga sitt løypenett i Noreg.
- Kvibru var rett svar. Tora Verpe Dale fann svaret.
6. april 2015
I dag vil jeg vite hvem som er pastor i Setesdal baptistmenighet.
- Toril Dale var raskt ute med svaret i dag: Eh Ka Mwee Sein
7. april 2015
Han har 20 maleri i Bykle kommunestyresal.
- Rett svar var Reidar Fritzvold, det visste Toril Dale
8. april 2015
Denne hytta gav Vegvesenet som jubileumsgåve til KOT då foreninga fylde 100 år.