Mykleåsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mykleåsen er eit fjell i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Rundt 1830 prøvde dei først å ta ut koparmalm frå fjellet. I åra 1845-1847, då ei smeltehytte i Åraksbø var i drift, sprengde dei ut koparmalm i Mykleåsen og køyrde han den fem mil lange vegen til Åraksbø for smelting. Holet der malmen var teken ut blei kalla Koparhola.
I 1972 vart selskapet Evje Nikkelverk AS formelt skipa, og same hausten kom gruvedrift - Flåt nikkelgruve - i gong i Mykleåsen. I 62 år, frå 1872 til 1946, skaut dei fjell og tok ut malm i Mykleåsen.
Det går bilveg frå fylkesvegen forbi Flatebygd fram til Flåt nikkelgruve og Mykleåsen. Det siste stykket er stengd med bom. Rundt Mykleåsen og opp til toppen går det ein fin turveg/tursti.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes sogelag, 2000