Hopp til innhald

Setesdalstinget 2011

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. juni 2011 kl. 16:59 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Hovdestøylen Hotel & Lodge


Setesdalstinget 2011 starta onsdag 8. juni 2011 klokka 11 med lunsj og vart avslutta torsdag 9. juni 2011 med lunsj klokka 11.30. Arrangementet var på Hovdestøylen Hotel & Lodge og motto for Setesdalstinget 2011 var «Gjestfri for nye tankar»

Dei fire ordførarane i kommunane som står bak Setesdal Regionråd, Kay Jeiskelid, Bjørgulv Sverdrup Lund, Knut A. Austad og Bjørn A. Ropstad, skreiv i innbydinga:

Innbyding

Arrangementet har som føremål å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom kommunane i regionen – men og å vere opne for og budde på morgondagen i distriktet.

Det er ei glede og ære at inviterte gjester, stortingsrepresentantar og fylkesutval/-leiing og andre ressurspersonar sett av tid til å vere med i ordskiftet med oss og dykk i kommunestyra.

Velkomne til tings alle saman!

  • til å vere med å forme samhandlinga lokalt, regionalt og i eit landsdelsperspektiv
  • til å vere med å utløyse potensiale med utgangspunkt i ressursane her.

Konferansier var Styrk Fjærtoft Trondsen

Program onsdag

12.00 Opning av Setesdalstinget

Korleis sikrar vi at vi er best rigga til å møte framtida som ein berekraftig region?

Bjørgulv Sverdrup Lund, leiar av representantskapen og styreleiar Bjørn Ropstad

Her er vi no!

Frå regionanalyse til felles regional utviklingsplan. Ståstad, gjeremål og aktuelle saker. Signe Sollien Haugå - dagleg leiar

12.30 Nokre tilnærmingar til framtida:

12.30 Frå regionråd til regionkommune?

Matz Sandman – embetsmann og tidligare minister

13.30 Stad, nettverk og nyskapande utviklingsstrategiar. Case frå Stryn og Sogndal.

Arnt Fløysand, professor ved Universitetet i Bergen

Kaffi
14.30 Kommunesamarbeid som løysingsstrategi. Kjenneteikn ved Setesdal og moglegheitsromet.

«Røynd rådgjevar» Jørund K. Nilsen - NIVI analyse

15.15 Forventingar og realitetar - kommune- nærings- og distriktspolitikk framover.

Storingsrepresentantane: Svein Harberg (H), Ingebjørg Godskesen (Frp), Freddy de Ruiter (Ap) og Kjell Ingolf Ropstad (Krf) (om han får godkjenning av utskifting på Stortinget denne datoen).

16.00 Setesdalskommunane – politikk for regional utvikling

Representantar frå Fylkesutvalet

Fingermat og kaffi

17.00 Tingsdrøfting – kommunestyrerepresentantane og alle i plenum

  • Kva er viktigast i morgondagens ordskifte om interkommunale samarbeid?
  • Kva set vi som føringar / kriteria – mål?
  • Organisering – representasjon og eigarstyring – eller anna?
  • Arbeid i regionrådsregi framover - ønskje og meiningsytringar?
18.30 Oppsummering
19.00 Møteslutt
19.30 Føredrykk
20.00 Middag

Program torsdag

9.00 Helsenytt

Økonomiske avtalar mellom kommunane og Sjukehuset

Administrasjonsleiar Jan Inge Tungesvik / Per Bendixen - KS Agder

Lokalmedisinsk senter - forprosjektet. Overordna strategisk utval – Sørlandet sjukehus og kommunane (OSS). Ymse helseprosjekt-info

Prosjektkoordinator Wenche Tangene

10.00 Fylkeskommunen sitt bidrag til regional utvikling i Setesdal

Fylkesrådmann Arild Eielsen

10.30 Kaffi

10.50 Regionrådet Handlingsplan 2011 – informasjon / status

Styreleiar Bjørn Ropstad / dagleg leiar Signe Sollien Haugå

11.20 Avslutning Setesdalstinget 2011

Representantskapsleiar Bjørgulv Sverdrup Lund

11.30 Lunsj

Eksterne lenker