Vatndalsvatnet


Vatndalsvatnet er eit vatn som ligg i Bykle kommune. Det går veg (sperra for biltrafikk) langs sørbredda av vatnet inn til Ormsavatnet, med ein stikkveg opp til Store Urevatn. Vatnet er regulert, og Vatndalsdammen er ein stor fyllingsdam i austenden av vatnet.
Vatnedalsvatnet grenser i sør, vest og nord til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.
Fyrste regulering av Vatndalsvatn
Den 22. november 1912 fekk Otteraaens Brugseierforening konsesjon for regulering av Vatndalsvatn og 8 andre vatn i Setesdal. Vatndalsvatn skulle hevast med 5 meter, og i tillegg senkast med 2,5 meter. Dette var det største reguleringsinngrepet i Setesdal fram til då. Før reguleringa tok til, var det eit lite samfunn på 4 gardsbruk og ein husmannsplass i Vatndalen. Husa vart spara under oppdemminga, men det meste av dyrka mark vart øydelagt av vatnet. Tri av eigarane flutte, og braut opp ny jord der ikkje vatnet nådde opp.
Kjelder
- Sigmund Skomedal: Otteraaens Brugseierforening gjennom 100 år, år 2000 (uten ISBN), side 30, 51.