Onsdagsprogram Valle Radio 20110126

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. januar 2011 kl. 20:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Eigil Rian var ikkje med)
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram Valle Radio 20110126 syner programmet for Valle Radio onsdag 26. januar 2011. Denne kvelden var det møte i Valle kommunestyre. Teknikar var Jørund Georg Jore og programleiar var ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund.

Det blir orientering om reiselivssatsinga i Setesdal ved Lasse Eidskrem i forkant av kommunestyremøtet.

Program

  • Kommentar til innkallinga frå Steinar Kyrvestad: To saker vart ettersendt, dei kom svært seint.
  • Ordføraren var enig i dette.

Offentlig spørjetime

  1. Førespurnad frå Valle bygdekvinnelag ved Sissel Åkre om Menighetshus og kyrkjestoge.
  2. Førespurnad frå Valle Mållag ved Sissel Åkre

PS 1/11Referatsaker

  • RS 1/11 Møteprotokoll frå formannskapet 12.1.11
  • RS 2/11 Månadsrapport frå rådmannen
  • RS 3/11 Revidering av reglar for Valle kommune sin kulturpris

PS 2/11Rådmannen orienterer

Rådmann Arne Tronsen orienterte
  1. Det vil kome ei utgreiing om situasjonen i omsorgsavdelinga på kvart møte framover.
  2. Sjukefråveret i kommunen. Kommunen er IA-bedrift og seniorpolitisk ønsker ein at folk skal jobbe lenger. Sjukefråveret kan auke noko ved det.
  3. Planarkivet skal digitaliserast. Det er eit stort arbeid.
  4. Gardskarta er ikkje rette og må også oppdaterast.
  5. Reguleringsplan Stavdalen kjem opp i mars.
  6. Setesdal IKT er samarbeid mellom fire kommunar. Stillig som leiar er lyst ut.
  7. Saka om godkjenning Industribygg Rysstad kjem opp i februar.
  8. 17. mai prøver ein å få organissjonar til å ta.
  9. Det er god dekning på fagfolk i kommunen med unntak av to stillingar på teknisk.
Omsorgsjefen orienterte om «Omsorg i Valle».
  1. Heimebaserte tenester skal aukast og institusonsbaserte tenester skal reduserast.

PS 3/11Ordføraren orienterer

PS 4/11Førespurnader

  • Liv Bratlie Løyland spurde om partnerskap ved. NAV
  • Steinar Kyrvestad spurde om bensinstasjonen i Valle

PS 5/11Høyringsuttale til ny folkehelselov

Samrøystes vedtak
  • Formannskapet/kommunestyret vedtar høyringsuttale til ny folkehelselov.

PS 6/11Høyringsuttale til ny kommunal helse- og omsorgslov

Samrøystes vedtak
  • Formannskapet/kommunestyret vedtar framlagte høyringsuttale til ny helse- og omsorgslov

PS 7/11Søknad om midlar til satsning på barnevernet

Samrøystes vedtak

Valle kommunestyre støttar at Valle, som vertskommune for Setesdal barnevern som er det interkommunale barnevernet for kommunane Bykle, Bygland og Valle, søkjer Fylkesmannen om øyremerka midlar til styrking av det kommunale barnevernet. Setesdal barnevern søkjer om kr 1.000.000 for å styrke barnevernet med 150% stilling.

PS 8/11Høringsuttale om sakshandsamingsreglar ved utskriving av eigedomsskatt - oppretting av statleg klageorgan

Samrøystes vedtak
  • Valle kommune stør opp om høyringsuttalen frå KS som er slik:
    • Klageordninga for eigedomsskatt bør vere kommunal både når det gjeld verdsetjing og andre klagegrunnar
    • Utviding av mynde til nemndene som handsamar klagar over verdsetjing vil gje uavhengigheit frå kommunestyret og sikre rettstryggleiken til skatteytarane
    • Ein kan innføre klageordninga ved at eigedomsskattelova §§ 19-20 trer i kraft
    • Om fylkesmannen vert klageinstans i saker om eigedomsskatt bør det verte opna for at kommune skal kunne reise søksmål mot staten vedkomande skattevedtak som ikkje er til gunst for kommunen.
    • Forvaltningslova bør i hovudsak gjelde ved utskriving av eigedomsskatt, og nokre av reglane bør endrast slik at dei høver til eigedomsskattens karakter. Dette gjeld særs reglane om å grunngjeve eit vedtak og dekking av saksomkostningar.
    • Kommunen er for opplysnings- og medverknadsplikt for skattytarar

PS 9/11Oppløysing av Agderrådet

Samrøystes vedtak
  1. Valle kommune er samd i at Agderrådet vert oppløyst så snart som råd, seinast i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2011.
  2. I 2011 må det arbeidast aktivt med korleis prosjekt, utval og initiativ, og økonomiske skyldnader som Agderrådet har teke på seg, skal ivaretakast og eventuelt førast vidare. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med organisering og oppfølging av Regionplan Agder 2020.
  3. Valle kommmune er samd i at arbeidsutvalet i Agderrådet står for det vidare arbeidet med oppløysing av Agderrådet.

PS 10/11Til endeleg handsaming: "Strategisk plan for kultur og næring Valle kommune 2011-2014"

Vedtak i kommunestyret med 14 stemmer, 7 stemte for innstillinga frå formannskapet

1. ”Strategisk plan for kultur og næring” blir vedteken som lagt fram i forslaget sendt ut til høyring, med følgjande tillegg, markert med kursiv:

3.2. Natur- og kulturbasert næring
Kulturlandskapet, heia og stølsmiljøet utanfor verneområdet skal bli meir tilgjengelege for både turistar og fastbuande, og Valle skal framstå som ein profesjonell fritidsvert. Det lokale særpreget og tradisjonskunst skal løftast fram som ei merkevare, og kombinerast med nyutvikling.
Konkrete prosjekt og tiltak som skal jobbast vidare med:
Kartleggje korleis Sylvartun kan vidareutviklast i samarbeid med aktuelle aktørar

2. Endringa fører med seg eit ekstra punkt i framdriftsplanen, der det også er gjort ei retting i høve namnet på sentrumsforeininga i Hylestad; ”Rysstad i vekst”.

PS 11/11Uttale vedk nytt styre SVR

Samrøystes vedtak
Annbjørg L. Uppstad blir vald som ny vararepresentant i det nye styret i SVR.
Kommunestyret i Valle er i mot at Miljøverndepartementet skal oppnemne medlemmer i nytt styre i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane. Dette reduserer det lokale sjølvstyret, og bryt med prinsippgrunnlaget for lokal forvaltning av verneområdet.
Kommunestyret i Valle meiner at legitimiteten til nytt styre vert størst om dei deltakande kommunar og fylke er representerte ved ordføraren. Oppnemning av styremedlemmer på nasjonalt nivå svekkar styret, sjølv om innstilling av medlem vert utført på lokalt nivå i medhald av gjeldande regelverk.

PS 12/11Delegering av fullmakt til formannskapet – tilskott til løypemaskin Bjørnevatn

  • Liv Bratlie Løyland vart stemt inhabil, då Torleiv Løyland er involvert i prosjektet
Samrøystes vedtak

Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å godkjenne endeleg driftsopplegg og vedtake løyving til løypemaskin på Bjørnevatn.

Eksterne lenker