Hopp til innhald

Mariann Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. januar 2011 kl. 20:31 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Mariann Uleberg

Mariann Uleberg (Fødd 18. februar 1985) frå Hovden studerer musikk på Berklee School of Music. El-gitar er instrumentet hennar. Ho spelar aktustisk, men ikkje klassisk. Etter ungdomsskole i Bykle gjekk ho på musikklinja på Valle vidaregåande skule. Frå Valle reiste ho til Oslo og gjekk på Høgskolen i Staffeldtsgate, studiet musikk og ledelse. Deretter hadde ho lyst å reise til utlandet, og då vart det USA ho valde, «der er det ingen jantelov, der er dei gode til å oppmuntre kvarandre. Det er lov å vere flink og å vere frampå for å nå langt», sa ho i samtalen med Bjørgulv T. Berg i Valle Radio.

Det fyrste ho starta spelte ho i korpset i Bykle. Ho lærte å spele hardingfele av Marton Laksesvela, og lar seg ofte inspirere av folkemusikk til eigne komposisjonar. I framtida vil ho prøve å leve av spel og komponering, men og å undervise i gitarspel. Men ho byggjer og reparerer også gitarar. Førebileta hennar er mellom andre Knut Reiersrud.

Komposisjonar

  • Tappeslåtten
  • Lyarslått

Kjelder

  • Samtale mellom Bjørgulv T. Berg og Mariann Uleberg i Valle Radio onsdag 12. januar 2011