Skakvonde (kvern)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. desember 2024 kl. 11:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inne i kvernhus på Gjerustad i Vegusdal 6. august 2024. Ein ser skakvonden som ein lang, tynn pinne til vestre for matsvinet.

Ein skakvonde er eitt av reiskapa som høyrde til i dei gamle kvernhusa. Det er ein laus pinne som går ned på kvernsteinen og opp gjennom eit hol i ein pinne som står i viestokken. Når kvernsteinen sviv ristar skakvonden opp og ned og fører same ristinga over på matsvinet. Dermed drys kornet lett og jamnt ned i kvernauga.

Kjelder