Gjerustad (Vegusdal)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Gamalt kulturlandskap på Gjerustad.
Foto: Geir Daasvatn
Gjerustad er ein gard (gnr. 144) i Vegusdal i Birkenes. Garden ligg mellom Vatne i Vegusdal og Frikstad i Iveland, langs Fylkesveg 291 mellom Engesland og Evje.
I området rundt Fisketjønna sør for gardstuna er det bygd mange fritidsbustader.
Kulturminne
På garden er det eit spesielt kulturminne/kulturlandskap. I gardsbekken er to kvernhus fint restaurerte. Det eldste skal vere frå 1792. Rett nedanfor ligg tre bruer frå ulike vegperiodar, frå tidlegare tiders kjerreveg til dagens standard.
Historie
Garden er gamal. Det er funne gravhaugar her. Men han må ha blitt lagt aude, og blitt rydda opp att rundt år 1600.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 339-366
- Kart på nettsida til Statens Kartverk