Matsvin (kvern)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Inne i kvernhus på Gjerustad i Vegusdal 6. august 2024. Ein ser matsvinet under via, like over kvernsteinane.

Matsvinet er ein del av utstyret inne i eit kvernhus. Det er eit lite trôg som er under via, den trakteforma kassa over kvernsteinane. I den eine enden går trôget ut i ein tut, som endar rett over kvernauga. Kornet som er tømt opp i via renn ned i matsvinet. Derfrå druslar det lett og jamnt via tuten ned i kvernauga.

Kjelder