Austenå
Austenå er ein gard (gnr. 7) og ei grend nord i Tovdal i Åmli kommune. Fv-272 går nordover frå Bås til Austenå og vidare til øvste garden i Tovdal, Dale. Tovdalselva renn forbi Austenå. På dette strekket vidar elva seg ut, og lagar Vrålstadvatnet. Nord for Austenå lagar elva den store fossen Staddaren.
Knutepunkt for felespel
Austenå var eit knutepunkt for felespelet i Tovdal, saman med gardane Dale og Tveitli. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet.
Historie
Det er funne fleire gravhaugar på Austenå, på vestsida av Tovdalselva. Det har såleis sikkert budd folk her frå før landet vart kristna. Her er det også merke etter ein gamal kyrkjegardsmur, og graver kring han. Langt tilbake i tid er det derfor truleg at det budde flest folk på Austenå, for kyrkjene blei oftast reist i sentrum. Segna seier at det kom folk frå både Fyresdal og Setesdal for å gravlegge sine døde ved kyrkja på Austenå. Seinare blei kyrkja flytta lenger ut i dalen, til Hillestad.
Birgit Gunsteinsdotter Austenå kom frå Tovdal og gifta seg med Mikkjel Gunnarson Skomedal i Nordgarden på Skomedal i Bygland. Dette var på andre halvdel av 1600-talet. Med Birgit kom såleis det seinare så kjende Gunstein-namnet inn på Nordre Skomedal. Birgit hadde to søstre, Mari og Anne d.y., som også blei gift til Bygland. Mari blei gift med Per Jørundson Sandnes på bnr. 4 på Nordre Sandnes. Anne blei først gift med Olav Åsulvson Bygland og seinare Gjermund Tallakson Nerhus (Bygland bnr. 1). Spelemannen Salve Austenå kom frå Austenå. Lokalhistorikaren Sigmund Monen i Evje og Hornnes kjem frå småbruket Monen på Austenå.
Kjelder
- Kapittelet om Tovdal, i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 707-717
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 170-172, side 374
- Anne Tone Aanby, Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, utgjeve av Åmli boknemnd, 2018, side 7